Biografi til: Arnt Jensen Skjerli

Arnt Jensen var fra Gynnild i Soknedalen. Han var bonde på Skjerli i Støren, senere på Estenstad i Soknedal.

Myndighetene hadde tatt ut Skjerli til dragonkvarter, den som kom her og fikk tak i hele garden var Arnt Jensen Gynnild fra Soknedalen. Han var kvartermester og hadde sommeren 1703 giftet seg med sambygdingen Berit Hansdatter Østhus. Svenskene kom tilgards vinteren 1718 og strauk avgårde med mat, dyr og klær. På tinget året etter sier fogden at Arnt er blitt en fattig mann etter denne plyndringa og skadetaksten kom opp i vel 67 riksdaler. Men han må ha rettet opp igjen heller fort, for matrikkelkommisjonen fant i 1723 at han da hadde tre hester på stallen og ti mjølkekyr i fjøset. Da Berit Hansdatter døde i 1735 giftet han seg igjen med Guru Arntsdatter Solem som også var fra Soknedalen. Den eldste sønnen Jens overtok Skjerli og Arnt flyttet til Sørstu Estenstad.

Same året fekk han også tak i Nordstu Estenstad. Arnt var ein brann etter gardar og eide gardparter i fleire bygder. Han heldt seg frampå der det lukta av sjanse til at kapitalen ville øksla seg og venda heimatt med rike renter. Eit tak var han forpaktar av Kongetienda i dalen. Han var dugande slik dei gamle underoffiserane bruka vera, og dreiv som bygdaprokurator.
Året etter at han tok over på Estenstad møtte han i retten klaga for å ha skote på soldat Esten Aspeggen med pistol. Det hende ein dag i forsommarleite han kom ridande til brudlaupsgarden Solberg i full mundur. Han drog eine pistolen og skaut eit skot i lufta. Da han drog den andre vart det klikk. Esten gjekk da bortåt kvartermesteren og sa at det var ei skam. Aren fekk nytt og tørt krutt på panna og skotet small. Esten vart gjømt i røyken og påstod at Aren hadde skote på han og skaut til vitnes. Men dei kunne berre seia at dei ikkje såg noko sår, men det var kruttrøyk på halskluten.
Seinare fekk Aren ei ny sak på seg. "Ved Kirk Porten i Sognedalen spurte Aren Estenstad soldaten, om han hafde Nakken med sig som hand skiød, da svarede Soldaten, jeg maa vel det, hvorpaa Aren Estenstad atter svarede: Jeg skiød ikke dej, men skiød een Skab-gris, hvilket passerede een Søndag for Prædiken."
Sakene ende med forlik. Elles finn ein at Aren og grannen i Aspeggen skulda kvarandre for å ha merkt åt seg lam som den andre åtte, men alt ende med forlik. Aren Jensen hadde fleire saker med broren, lensmann Siver Jensen på Hov. Men også dei kom fram til at det var best å vera forlikte. Da Aren Jensen døydde i 1755 var det i alt 14 barn som skulle ha parten sin av arven. Det var 7 barn i hver ekteskap. Tingboka syner at det tok mange år innan dei fekk inn alle pengane som sto ute i tiende og gardpartar. Enkja gifta seg oppatt med Arnt Brynjolfsen Aasenhus og dei kom til Nerøien i Støren. Sonen Ole Arensen tok over Estenstad etter faren og same ætta held fram på garden til 1962 da Arnt Arntsen døydde og Sørstu vart ødegard.